Om meg
Eg heiter Astrid.
Eg bur på vakre Atløy saman med min dottter og hunden vår .
Litt om mi historie
Eg har sjølv gått igjennom store livsendringar, utfordringa og perioder der eg måtte finne tilbake til med sjølv.
Gjennom livet har eg kjent på korleis energier, relasjonar og erfaringar formar oss som menneske. Astrologien har alltid vore med meg og eg har alltid vert opptatt av fullmåne, nymåne, stjernehimmelen og planetane.
Valet var ikkje vanskelig då eg endelig bestemte meg for å studere Esoterisk Astrologi.
I dag er astrologi eit av dei verktøya eg bruker kvar dag saman med meditasjon, intuisjon og takknemligheit.
Eg bur på vakre Atløy saman med min dotter og hunden vår og bak Astrids-verden finn du ikkje berre ein astrolog, men eit varmt og positivt menneske med stor glede og eit stort hjarte for å gi ei hand til andre som trenger meg. Har alltid vert hjelpsom og seier lite nei.
Min affirmasjon: la lyset ditt skinne!
Sjå videoen under her!
Mine tre store i astrologien
Månen min er i Væren
Sola mi er i Tyren
og Ascendanten er i Løva
Eg kjenner desse energiane sterkt i livet mitt.
Væren gir meg mot, drivkraft og evna til å starte på nytt sjølv etter utfordringar
Tyren gir meg ro, jordnærheit og eit sterkt behov for å skape tryggleik, skjønnheit og noko ekte rundt meg
Løven handlar om hjartet, det å være ekte, kreativiteten, lyset og ønsket til å insperere andre til å skinne med sitt lys.
Kva inspirerer meg for å hjelpe andre?
Gjennom livet har eg sjølv kjent på korleis det er å stå i livskrise, korleis det er å leve med ein sjukdom, utfordringar og perioder som har vert tunge, men har alltid funnet ein løysning.
Det er nettopp med desse erfaringane som gjev meg inspirasjon til å hjelpe deg med varme, omsorg, forståing og med eit åpent hjarte.
Astrologien har hjelpt meg å forstå kven eg er, mine verdiar og mi livsoppgåve.
Thetahealingen har hjelpt meg til å heale traumer, gamle sår og bagasje som har vert tung å bære.
I dag ønskjar eg å bruke erfaringar og kunnskapen min til å hjelpe akkurat deg, slik du kan sjå ditt lys, dine potensial og den magiske kraftfulle diamanten du er.
Kanskje var det ikkje tilfeldig at du fann vegen hit.
Her er det rom for å være heile deg og la lyset i hjartet få lov å skinne.